Du er her

Prestar til Valle prestegjeld

Ein tabel over prestar til Valle prestegjeld, Aust-Agder

Olav er nemnd i eit brev frå 1348.
Gunnar Taraldsson er nemnd i fleire dokument mellom 1431 og 1457.
Hans var prest før 1551, kanskje den fyrste protestantiske presten?
Jakob Mikkelsen var i Valle ikirng 1551, i 1593 sokneprest i Sauda.
Laurits Hansen vart seinare prest i Seljord.
Peder Nilsen er nemnd 1571-1604. Tradisjonen fortel at han var student frå Skåne, utan at det kan stadfestast eller avkreftast. Han var gift med Gjertrud Pedersdotter.
Nils Pedersen er nemnd 1611-1659. Prost i Råbygdelaget 1629. Nils var gift med Sigrid Torkjellsdotter, kanskje frå Vanvik i Ryfylke
Esaias Hansson Bugge blei født 1613, død før 1698. Gift fyrst med Mette Bentsdotter, sidan med Bodil Jørgensdotter U-Roe
Augustinus Dons kom frå Bergen og vart gift med forgjengarens dotter, men døydde allerede i 1705
Erik Leganger var presteson fødd i Vik i Sogn. Han var kapellan i Innvik i Nordfjord før han kom som prest til Valle i 1709. Her var han til 1716
Edvard Storch kom frå kapellanstilling i Lund prestegjed før han vart prest i Valle mellom 1716 og 1723/28
Hans Berg hadde vært kapellan i Slidre og Ringebu. Han var sokneprest i Valle mellom 1728 og 1738
Nils Nilsen Mollerup fra Viborg i Danmark. Han hadde vært på Hvaler i Østfold før han kom til Valle. Han var her fra 1738 til han døydde 1772
Reier Gjellebøl var bondeson frå Høland i Akershus. Han kom til Valle i 1772 etter flere år som huslærar i Danmark. Her var han i ti år fram til 1782
Lorentz Angel Holst var fødd i Drammen 1751, og hadde vært kapellan i Tinn og Kristiansand før han kom til Valle. Han var sokneprest frå 1782 til han døydde i 1793
Peder Ludvig Lund vart fødd på Høyland prestegard ved Sandnes. Han var kapelland hos faren i Austre Moland før han kom til Valle i 1794. I 1803 vart han sokneprest og seinar prost i Eikersund.
Christian Thorn Åmodt var frå Kvinesdal. Han hadde vore kapellan i Nes og Vinje før han kom til Valle i 1803. Han reiste vidare til Lund og Flekkefjord, før han døydde i Lyngdal i 1836.
Carl Frederik Musæus var presteson fra Melhus. Han hadde vore lærar i Kviteseid og sokneprest i Nissedal før han kom til Valle. Her var han frå 1815 til 1821.
Hans Christian Ross vart fødd på Hitra, der faren var kapellan. Valle var det fyrste prestekallet hans, han fekk det i 1821, berre 24 år gamal. Han var her til 1827, då han reiste til Holum.
Lars Christian Arup var yngre, berre 23 år då han vart prest i Valle.
Johan Koren Dahl var fødd i Bergen. Han var sokneprest i Valle frå og seinare prost i Råbygdelaget. Han reiste frå Valle i 1844 til eit kall som sokneprest i Byneset i Trondheim.
Johan Nikolai Frantzen var kapellan fleire stader før han kom til Valle frå Slidre. I 1856 var han sokneprest på Ørlandet og flytta seinare til Innerøy.
Magnus Falkenberg var prest mellom 1857 og 1864 i Valle. Han kom fra Larvik og reiste vidare til Flekkefjord.
Peder Blom var fra Drammen. Han hadde vore fleire år utanlands då han kom til Valle i 1864. Han var i embedet til 1880.
Carl Peter Herman Gullichsen vart fødd i Oslo. Han blei kapellan i Stavanger i 1875 men søkte seg bort frå kysten og kom til Valle i 1880. i 1887 reiste han vidare til Idd.
J.K. Storesteen var kapellan her mens utnemninga av den neste soknepresten let vente på seg.
Johan Jørgen Emaunel Selmer var også kapellan i Valle.
Paul Vinsnes Gjesdahl var fødd på Finnøy der faren var prest. Han hadde vore lærar på fleire plassar før han vart prest i Valle. I 1892 reiste han til Fredrikstad, og seinare vart han sokneprest i Oslo.
Karl Adolf Martin Lea
var i Valle vinteren 1892, før han reiste til Hægbostad.
Martin Luther Svanholm var frå Oslo. Han var prest i Valle mellom 1893 og 1902, då han flytta til Drangedal.
Kristian August Larsen var og fra Oslo. Han hadde vore hjelpeprest og kapellan ymse stader før han kom til Valle i 1903. I 1908 vart Larsen sokneprest i Slemdal.
Apollonius Johan Liljedahl var prest i Valle fra 1909. Han vart fødd i Larvik, og hadde vore sokneprest i Tana før han kom til Valle. I 1916 reiste han vidare til Jølster.
Torleif Homme var kapellan til den nye presten kom. Han var frå Valle og hadde vore prest i Amerika før han kom heim og blei styrar på amtsskulen i Setesdal og prest i Røldal.
John Aune var nyutdanna då han kom til Valle i 1917. Han fekk eit kall i Surnadal og reiste dit i 1923.
Ole Johan Amlie var son til sokneprest E. J. B. Amlie i Evanger. Han kom til Valle som nyutdanna prest i 1923. Han var her til 1932, då han reiste til Ulvik. Han var også i Onsøy.
Åsulv Austad var frå Austad i Bygland sokn, nabosoknet til Valle. Han var sokneprest i Valle frå 1932 til 1948, då han vart utnemnd til sokneprest i Hjartdal.
Trygve Nortvedt kom til Valle i 1949. Han var her til 1956, då han reiste til Birkenes. Han kom sidan til Kristiansand
Jens Bjelland hadde vore prest i Haltdalen og feltprest i Nord-Norge før han kom til Valle i 1957. Sidan reiste han til Time på Jæren i 1967
Sverre Olsen var prest i Valle mellom 1967 og 1974. Då reiste han til Oddernes.
Kåre Svebakk var her mellom 1974 og 1977
Nils M. Møll var her frå 1977 til 1981.
Leif Raustøl var prest i Valle mellom 1981 og 1988. Han hadde vore i Kvænangen før den tid.
Theis Salvesen er fra Farsund. Han kom i 1989 frå Ibestad i Troms var sokneprest i Valle til 2007.
Arne Skare kom til Valle i 2007.
Emne: