Prestarne paa Lye

Prestarne paa Lye

av Torkell Mauland

Lye prestegjeld skulde heita Time pg., som det alltid heitte i gamle dagar, alt til langt ned i 1700-talet. «Lye-kallet» vert aldri bruka af folk i bygdi, utan av enkvan som vil syna, at han er boklærd.

Øgmund Asbjørnsson
var prest a Timini 1345


Orm

var prest a Timini 1346—48.
Etter reformasjonen er det lengje fyrr me høyrer gjete Time-presten.

1475—1587 Halllstein Gunnarson
Hadde kanonikat i Stavanger, men synes å ha budd på Lye som prest (Brøgger). (Hallstein er ikkje i Mauland si bok.)


Hans Klingenberg

hadde kanonikat i Stavanger, men synes å ha budd på (ved) Time kyrkja. Han hadde fyrr vore varaprest i Karmsund (d. v. s. Avaldsnes som daa var bispekallet). Kona hans vart nemnd hustru Karina. Ein son Laurits Hansson var borgarmeister i Bergen. (Sjå Stv. Domkap. 117 f., Theol. Tidskr. II 286 og dr. A. Chr. Bang «Den norske Kirkes Geistlighed i Reformationsaarhundredet»).


Nils

var prest her i 1563. (Sjå dr. Bagn).


Anders Jonsson

var prest her og vart sett til kannik i 1574. Til løn fyr dette fekk han Steinberg præbende (jordegods i Sokendal). Døydde fyre 3. juni 1579. (Sjå Theol. Tidsskr. II 212, Faye Bispehistorie 147, 179, Norske Rigsreg. II 311, og dr. Bang).


Nils Mortensson

hev saman med 11 lagrettesmenner gjeve ut eit brev um Illand (d. e. Eidland) nyaarsdagen 1591. Han var med i Stv. Domkap. 17. juni 1601. I ufredstidi 1611 og 12 laut «hr. Nils paa Lye» saman med «hr. Kristen (Palleson Trane) i Gand» reida ut ein hermann. Døydde truleg 1616.


Søren Jensson Skrob

var prest her 1617. Han var tidt på tingi og hadde saker med mange folk baade i gjeldet og utanfyre. 1624 laut han bøta 21 rd. til kongen, av di ha i eit brudlaup (paa Øksnevad?) hadde stukke Svein Hognestad noko lite med ei kniv. Daa det leid paa kom det klagar paa presten. Han laut gjera ei ferd til Kristiania og kom heim full og galen, døydde straks etter. Provast Lind paa Haa dømde naadsensaarest fraa enkjo Maren Hansdotter. Um dette vart det mykje trætta baade paa tingi og i Domkapitlet. Det ser likast ut til at dei mistenkte honom at han hadde drepe seg sjølv. Provasten og Domkapitlet heldt eitt imot honom.
Søren Jensson døydde truleg 1632. Han let etter seg enkja og ein son Nils Sørenson. Presten aatte hus i Stavang.


Mag. Ditlev Lauritsson Skabo

var 1632 sokneprest i kallet. Han var elles skulemeister (rektor) ved (Kathedral-)skulen i Stv. Det var tanken at Lye-kallet skulde leggjast under Domkapitlet og skulen. Eit aars tid etter vart prestekallet i Stv. by falt, og mag. Ditlev fekk det. Dermed fall tanken um «skulekallet» burt, og Lye prestekall vart burtgjeve til ein annan.
Etter kontributions-rekneskapen hev Søren Jensson skatta av kallet 1631 og fyrste halvaaret 1632. Men 2dre halvaaret var det Mag. Ditlev som reidde ut skatten.
Men Ditlev Skabo hadde si gjerd i byen og heldt ein hjelpeprest i sin stad i Lye-kallet. Denne hjelpepresten heitte Henrik Mattisson. Han budde (av og til?) hjaa Njel Bryne eller Ljøde Re. I 1640 var det sak millom desse 2 mennerne um kostpengarne: Henrik Mattisson var daa burtfallen. Hjelpepresten var truleg presteson fraa Klepp og hev kann henda mest butt heime paa Sørbø, men teke inn til dei tvo mennerne kvar gong han heldt gudstenesta i Time. – Ei onnor sak var fyre medan hr. Henrik livde. Han hadde vore paa ferd i Telemarki saman med Maren Hansdotter, enkjo etter Søren Jensson, og daa var dei skulda fyre at dei hadde fare meir kjende fram en dei hadde rett til.

Peder Kristensson Lind

var sokneprest her 1633—43. Foreldri hans var Kristen Lauritsson Lind, som var sokneprest i Haa 1612—39 og mange aar provst på Jæren, eit bil også i Dalbygderne, og Margret Persdotter Trane. Han var fødd 1603 og vart student fraa skulen i Helsingør 21 febr. 1624. 4. febr. 1628 vart han sett til hjelpeprest i Hjelmeland. 1633 var han komen til Lye og skatta av kallet dei aari som her er nemnde. Han døydde visst i 1643. – I 1639 laut ei kona paa Tunheim bøta 3 rdl. fyr uhøviske og ærerørande ord som ho hadde sett ut um kona til hr. Peder som var soknepresten hennar. Kven kona til presten er, veit me ikkje. Ho hadde visst falle fraa daa skiftet stod paa enkjesætet Søyland 24. okt. 1670 etter Margrett Persdotter Trane som var mor hans. Han er der nemnd «forrige sokneprest til Lye», og 4 born er ervingar etter farmori: Jakob, Jørgen, Margrett og Maren. Dei tvo sønerne var burte, og dei tvo døtterne var gifte, Margrett med Tjøl Obrestad og Maren med ein i Farsund. Der var trætta um kven som skulde taka mot arven til sønerne, anten svogeren Tjøl Obrestad eller Kristen Andersson. Denne mannen maa vera ein nær skylding. Men me veit ikkje visst anten det er presten hr. Kristen Andersson Sæby i Stavang, eller futen sr. Kristen Andersson paa Hesby (Finnøy), som var gift med dotter til Samuel Lauritsson Lind.


Mag. Elias Jakobsson Agrikola (eller Bonde)

var prest her 1644—1653. Han var son til presten Jakob Hansson Agrikola paa Haaland (gravlagd 1628) og Marit Bertelsdtr. Han vart student fraa skulen i Stavang 22. mai 1627. 1631—43 er han rektor ved skulen i Stavang og notarius publikus i Stv. Domkapitel. 21. mai 1631 vart kan magister. 1644 var det fyrste aaret kan skatta av Lye-kallet. Aaret etter er han uppsett i «hovudskatten» med kona og 3 gaards-drengjer og 2 tauser.
I ein dom som skrivaren Henrik Hansson gav ut 13. juni 1653 um skiftet millom Garborg og Risa, er det sagt at Elias Jakobsson daa var sjuk og sende ein annan i sin stad (med di prestebolet aatte gods i Risa). Han døydde seinare same aaret.
Han var truleg gift 2 gonger. Med fyrste kona hadde han born. Men henne veit me ikkje namn paa. Andre kona var Elen Tomasdtr. Wegner, dotter til bispen Tomas Wegner og hans fyrste kona. Elias Jakobsson hadde ord fyr aa vera ein lærd mann. (Sjå Faye 238). Han dreiv laksefiske i Figgi. Dette fisket hadde han leigt av Utstein kloster.
Av borni hans er i skiftet etter ettermannen nemnde: 1) Jakob Eliasson student 26. okt. 1665, heldt seg i 1676 i Holland. 2) … Eliasdotter, g. m. hr. Jakob Jørgensson, hjelpeprest i Mandal. 3) Cecilia Eliasdtr. var 1676 i Holland.


Laurits Berntsson

var prest her 1654—74.
Han var son til raadmann Bernt Berntsson i Stavang og Adriane Jensdotter Trane, som var sonadotter til bispen Jørgen Eriksson. (Sjaa rektor Erichsen Stv. retshistorie 148 og 372). Han vart student fraa skulen i Stavang 22. juli 1647.
Daa Elias Jakobsson døydde, gifte L. Berntsson seg med enkjo og vart ettermannen i embættet. 1654 gav han presteskatt 12 rd. og hadde i ufredsaari 1657—60 store skattar liksom alle prestarne dei aari. 1659 brann husi (eller kanhenda norke av husi) paa Lye, so han slapp sumt av skattarne det aaret.
1661 sende han fraa prestegjeldet 6 ½ rd. 8 skill. som var innkome til dei folki paa Austlandet som hadde fenge gardane sine øydelagde i ufreden.
25. juni 1663 skreiv han mantalet som han hadde gjort «efter høybetroede tilforordnede kongelige herre commissarii flittige anfordring og paa hans kongl. majestæts vegne alvorlige befalling», og underskirv Lauritz Berentsson. Dette var til Titus Bulkes manntal. 23. jan 1666 skreiv han samme slags manntal att. Men daa skriv han under Laurentius Bernhardi Sysinvindius. Han bruka baae dess namni. Kva «Sysinvindius» skal tyda, er ikkje godt aa skyna. Men der er dei som trur at ætti var komi fraa Sysen i Ulvi eller fraa Sysendalen i Eidsfjord, og at det er dette gardsnamn som hev vorte latinisera paa denne maaten.
Lars Berentsson var 3 gonger gift: 1) med Elen Wegner som fyrr er nemnd. Med henne hadde han 3 døtter. 2) med Rebekka Humble, dotter til bispen Markus Kristiansson Humble og Ingeborg Andersdotter Besche som var fyrste kona hans. Denne kona vart gravlagd 20. desemb 1667. Inkje born. 3) med Mette Ivarsdotter Lem, som var dotter etter Ivar Njelsson Lem og stykdotter til Tormod Torveson. Ivar Lem var ein rik mann i si tid, og Mette var einaste barn, so presten fekk ikkje lite eigedom med den siste kona. Med denne kona hadde han 2 døtter.
Lars Berntsson døydde 3. april 1774. Skifte i buet hans vart helde 26. juni—21. sep. s.a. Det var provasten Olav Nielsson Medelfar paa Klepp og prestane mag. Kjell Hansson på Høyland og Peder E. Leganger paa Haa som heldt skiftet. Etter skiftet kom det klagor til Domkapitlet, at det var skøytalaust og slurvutt skift. Baade mor til presten og dei som var sette verjor, klaga yver dette, og Domkapitlet dømde at skiftet skulde takast upp atter. Korleis det sidan gjekk med skiftet, veit me ikkje. (Sjaa Faye s. 257 f. Der er eit ordrag or den forvitnelege lange saki i Domkapitlet).
Eit myke lenger ordrag av denne saki finst i ei bok av arkivar Finne-Grønn, nett no utkomi: «Den vestlandske slegt Sundt», s. 27—45.
Kva det seinare vart av de nemnde borni, veit me ikkje mykje um. Adriane, f. 10. aug. 1654, var (1682) g. m. lytnant Ove Dal (sjaa Stv. retshitroie I s. 510). Kirsten, fødd jonsokdagen 1656, var gift 3 gonger, sist med sr. Hans Einarsson i Eikersund og vart gravlagd 29. mai 1732 mest 80 aar gl., Karen var visst ugift daa ho 18. aug 1704 skreiv fraa Kristiansand til stathaldaren og bad um aa faa den arven som var fallen paa henne etter faren. Formyndarane henner var presten Botte Friis på Lye og Presten Jørgen Friis i Suldal.
I saki um skiftet vart deg sagt, at presten var ein fatig mann daa han gifte seg med Mette Lem. Men fatigdomen kan ikkje ha vore sers stor. Han var son til velstandsmann i byen, og det ser ut til at han alle dagar hev gjort rett fyr seg sem ein holden mann. I ufredsaari 1657—60 fall skattarne tungt paa alle folk og ikkje minst paa prestarne. Sume vart frie nokre skattar fyr fatigdom. Men Laurtis Berentsson gav alltid fulle skattar, anna en det aaret daa husi hadde brunne, og jamvel det aaret slapp han berre ein av skattarne. Men Jakob Kirsebom i Sokendal som var ein velstandsmann, slapp alle skattarne eit av desse aari, av di alle husi paa prestagarden hadde brunne. At Laurits Berntsson laut ut med meir, tyder paa at han anten stod seg uvanleg godt, eller at eldskaden ikke hev vore so stor. I Stavanger retshistorie ser me at han hadde laks aa selja. Han dreiv laksefiske liksom fyremannen, endaa me veit at Bertel Jakobson Bonde i Haaland feste i minsto ein part av det fiske som den avldne bror hans hadde drive. Jordegods var Laurits Berntsson eigar av – ogso fyrr han vart gift med Mette Lem. – I 1661 aatte han 21 ½ spann korn i Skjørestadm og 1 vætt i Vigrestad. Aaret etter hadde han det same og dertil 5 vetter korn i Holen.
Den altertavla som enno er i Time kyrkja, er det visst Lars Berntsson og den fyrste kona kan som hev kosta. Under alt krot paa tavla er det ein avlang skjold med høge bokstavar, soleis:

M: E: I: A:

E: T: D: W:

H: L: B: S:

1666

Dette kan ikkje tyda anna en:
Mag. Elias Jakobson Agrikola,
Elen Tomas-Dotter Wegner,
Hr. Laurtis Bernts-Son (eller Hr. Laurentius Bernhardi Sysinvindius).
Truleg hev Laurits Berntsson og kona i 1666 gjeve denne tavla til prydnad fyr kyrkjehuset og til uppbyggjing fyr kyrkjelyden og til eit minn um seg sjølv og um den fyrste mannen hennar.
Men dei som som hev kosta denne altartavla kann ikkje ha vore fatigfolk.
Umframt alt dette ser me at Lars Berentsson hadde pengar til aa laana burt. I tingboki 1682 er nemnd eit skuldbrev som kapitelsfut Hans Bang hadde gjeve ut 23. juli 1664 og 21. jan. 1667 fyr 50 rd. han hadde laant av presten Lars Berntsson.
Den nemnde innskrifti paa altertavla kan og fortelja at det tvillaust er so at Elen Wegner hev vore gift med baae dess prestane. Truleg er det og at ho livde endaa i 1666[1]. Med den siste kona hadde han visst 2 døtter. Dei er nemnde i eit manntal 1689: Elen Rebekka og Laurentia Lauritsdøtter.


Gjøde Gjødeson Glambek

er visst den fyrste presten som kongen sette i kallet utan kalling fraa kyrkjelyden. ”Gode Godonis” vart student fraa skulen i Bergen 25. juli 1670. Daa han var ferdug paa universitetet, vart han verande ei tid i Kjøbenhavn, so han kunde venja seg til at preika. 4. mai 1674 vart han sett til sokneprest i Lye. Han kom til Lye same aaret og vart gift med enkja Mette Ivarsdotter.
Det fyrste aaret han var paa Lye, stemnde han mange folk fyr skuld til fyremannen. I Gjesdal fekk han dom paa 4 mann, fyr 16 sk., 18 sk., ein ver, og ein sau. Men 46 av dei som var stemnde, negta skuldi. I Time-sokni negta alle. Same aaret fekk han Lye-marki fredlyst. Sidan førde han sak med folk paa grannegardane um skifti. Dessutan hadde han gong paa gong sak med stykfar til kona. I det heile ser det ut til han var lite venesæl. Um gardsbruket gav han upp (1683) at han fødde paa prestegarden 20 kyr, 1 ukse, 4 ungnaut, 6 kalvar, 28 sauer, 2 gjeiter, 2 griser og 4 bruks-øykjer. Dertil aatte han nokre øykjer som gjekk villt i framande markjer utan tilsyn. Desse hadde det aldri vore lagt sele paa. ”Dei gjekk paa æventyr”.
Han døydde fyre 14. februar 1684. Den dagen hadde enkja sak mot ein man paa Hognestad fyr skuld til presten. Rett som det selde eller pantsette han sumt av godset hennar. Daa han var fallen ifraa skreiv provasten, at ho var ei fatig enkje bundi i skuld, som ein kunde sjaa av skiftebrevet etter mannen. Etter hans avferd hadde ho gjeve ut store rentor, og den store skade-elden i Stavang hadde gjort det værre fyr henne, so midelen hennar var ”en del medgjengen”. Ho sat med 3 umynduge born, det eldste berre 11 aar.
1685 bruka ho gard, 2 ½ pund korn i Vestly. 1687 var ho atter gift med stiftsskrivar Laurits Lauritsson Friis. Aaret etter hadde dei ein son Laurits Friis, og 1689 er nemnd 2 stykdøtter, men 1691 vert nemnd berre stiftsskrivaren med kona og ei stykdotter – 1692 flutte dei til Stavang. Der var han postmeister og stiftsskrivar yver Rogaland.
Mette Ivarsdotter Lem var fødd 7. februar 1652. Ho døydde i Stavang 1707, nedsett 11. novbr. i gravstaden til faderen.
Under Gjøde Gjødeson er nemnd klokkaren i gjeldet: Eivind Geirmundsson Haugland. Han hadde 1 pund korn av kyrkja. Det var all hans innkoma.


Markus Henriksson Reimer

var son til stiftsprovast Henrik Petersson Reimer i Stavang: Johanne Humle, mor hans, var bispedotter. Han vart student fraa skulen i Stavang 27. mai 1679. Han var i Kjøbenhavn og søkte um Lye-kallet, og fekk det 4. mars 1684. 4 dagar etter vart an gift med Kristine Klausdotter Brandt. Han var komen til Lye i april daa provasten skreiv fyr enkja. Men det aaret hadde han ikkje anna en kapellansløn, for det var naadens-aaret aat enkja. I 1687 og aari etter skreiv han uppgaavor til kontributionarne. Daa gjev han upp seg sjølv og kona og – fraa 1688 – styksonen Klaus Friis. Siste gongen han sende sovorne uppgaavor til futen var 30. mai 1694. Han døydde det same aaret – sist i juli eller fyrst i august. Og kona døydde straks etter. Me skynar ikkje rettare en at ho vart gravlagd 15. september 1694. Den dagen skulde det vore visitas i Haalands-kallet. Men provasten, Peder Erikson Leganger paa Haa, kunde ikkje koma ”formedelst sal hr. Marci Qvindis begravelse,” stend det i kyrkjeboki i Haaland.
Klokkar er nemnd 1695: Knut Knutsson Vestly. 1696 er nemnd den same med kona, dei budde paa ein part i Vestly. Men 1706 heiter det at han fyr lenge sidan hadde gjenge fraa garden og embættet, og flutt til Stavang. Kona hans var den nemnde Elen Rebekka, dotter til L. Berntsson og Mette Ivarsdtr. Lem.


Botte Johansson Friis

vart sett til prest paa Lye 13. august 1694 og var det til han døydde 19. mars 1724. Han var son til Johan Petersson Friis som etter 27. januar 1669 var kongeleg tollar og visitor i Stavang og Karmsund og Sokendal (grl. i Stv. 17. august 1691 81 aar gl.). Moderi Svanke Bottesdotter[2]. Døypenamnet ”Botte” skal vera eit kjælenamn fyr Bottolv.
Botte Friis vart student fraa skulen i Stavang 27. mai 1679, same dagen som fyremannen i kallet. Daa Reimer døydde, hadde han endaa ikkje fenge kall. So vart han sett til ettermann. 9. januar 1695 vart han gift på Kongsgarden i Stavang med Cecilia Jakobsdotter Bonde. Truleg var ho dotter til hr. Jakob Jørgensson, som var hjelpeprest i Mandal og døydde 28. mars 1697, og Eliasdtr. Agrikola som fyrr er nemnde. Friis og ho hadde fyrr havt eit barn, og ved kongebrev 21. juni 1692 fekk han tilgjeving fyr legemaalet. Men dette barnet døydde, og sidan fekk dei aldri born. – Han var komen til Lye 23. mai 1695.
Botte Friis laag all si tid i strid med folk, helst med provasten paa Klepp og med bisparne. Bispen kalla honom ein gnikar (1707) og ein gamall tverrdrivar (1722). 22. april 1709 dlmde Konsistoriet at han skulde vera fraasett fraa kallet til han hadde vaska seg rein fyr nokre skuldingar fraa bispen. Men han var i kallet sidan og, og var halden fyr ein velstands mann. 1711 er i uppgaavorne til dagskatten innset at han gjekk med parykk. Umframt honom og kona, ”eit aldrigt kvende”, hadde han daa ei brordotter(?)[3] og dertil ei prestedotter, sæle hr. Augustini Dunsis i huset. 1712 var han ilikna dagsskatt 22 sk. um dagen (det same som provast Seehuusen i Hedland. Berre presten Brun i Sokendal hadde større skatt). – Fraa 1718 hadde han hjelpeprest og hev visst ikke dei siste aari havt stort med prestekallet aa gjera.
I 1701 gjorde han og kona ervebrev med kvarandre. Den som livde lengst, skulle erva alt. Dette ervebrevet stadfeste konge 16. januar 1701. Med tilvisning til dette brevet gjorde dei nytt ervebrev 9. mars 1724, nokre dagar fyrr han døydde. Der sette dei inn ei systerdotter Svanke Maria Jakobsdotter Wegner til einaste erving. Ho kunde truva hjelpi. Men broderen hr. Jørgen Friis i Suldal hadde Gud ikkje gjeve born, og systeri (Anniken Johansdotter Friis, som var enkja etter bispesonen Jakob Tomasson Wegner – han hadde vore lensmann i Høle skipreida 1693—1711) hadde ikkje noko imot at denne dotteri fekk alt. Dette ervebrevet stadfeste kongen 15. april 1724.
Botte Friis døydde paa Lye den 19. mars 1724.
(Sjaa elles mitt skykke um Lye-prestane i ”Stavanger Aftenblad”).


Gabriel Schanche

vat sett til hjelpeprest hjaa fyremannen 9. november 1718. I eit brev fraa 1721 vert han kalla ”vicepastor til Lye”, og bispen Nyrop skreiv (25. mars 1724) at han hadde styrt med prestekallet mest aaleine, av di soknepresten var gamall og skral. Han for til Kjøbenhavn med same Friis hadde slokna, og vart sett til ettermann 20. april 1724. Menn innkomorne av kallet fekk han ikkje fyrr naadesensaaret var utlide i mars 1725.
Han var fødd 29. august 1694 og var son til presten Jonas Teofiliusson Schanche paa Høyland og Elisabet Cecilia Schive. Han gjekk paa skule i Stavang og vart student 19. juli 1713.
I 1734 vart han provast paa Jæren etter verfar sin, Søren Godsen paa Klepp.
Av alt det me no kan sjaa um Schanche, ly me tru at han hev vore ein dugande prest, i minsto ein framifraa dugande kar til aa halde sine ting i skipeleg stand. Han er den fyrste presten paa Lye som hev late etter seg ministerialbok, og den einaste som fyre 1800 hev skrive soleis i kyrkjeboki, at ein heilt kann tru paa det som stend.
Schanche vart ingen gamall mann. Han døydde 1. oktober 1741 og vart gravlagd i Time kyrkja 9. oktober s.a.
Han vart gift 20. septbr. 1724 med Eliasbet Godsen (f. 27. juli 1697), dotter til provasten Søren Jensson Godsen paa Klepp og Engel Petersdtr. Arentz. Daa ho vart enkja budde ho i Stavang og hadde innkoma av enkjesætet Nedre Time og Vetre Løkje fraa 1743 til ho døydde 22. juni 1757. Ho vart gravlagd i Domkyrkja. – Dei hadde 6 born. Ein son Jonas Schanche (f. 11. november 1726 grl. 21 oktober 1789) var 22 aar prest i Laardal, ugift, – ei dotter Elisabet Schache (f. 9. februar 1733, død 10. september 1784) var g. m. kjøpmann Jacob Kielland i Stavang.
I Gjesdal kyrkja heng ei tavla som Moses og Kristus er maala paa, med provast Schache og kona i nedste hyrna. Bilæti er elles ikkje gode. Derimot er det i Høylands kyrkja tvo gode bilæte av foreldri hans (Sjaa mitt stykke: ”Tri bilæte i Høylands kyrkja” i Tidskr. utg. av Rogalands sogelag nr. 1. – Meir um Gabriel Schanche og um gjeldet i hans tid vil ein finna i ”Lye-prestarne” i Stv. Aftenblad”).
I Schanche si tid vart kyrkjorne i kallet selde. Amtmannen Hans Nobel paa Hana kjøpte både Time- og Gjesdal-kyrkja paa auksjon 1725 fyr 405 rd. krunor, svarar til 453 rd. 58 sk. curant. Amtmannen kom fraa embættet fyrr det aaret var utlide. Daa sto Gjesdal-buarne seg i hop og kjøpte kyrkja med garden Auestad som til høyrde. Men Time kyrkja vart seld til framande og gjekk gjenom mange eigare, fyrr soknarfolket løyste ho inn att.


Lars Leganger

var prest på Lye 1741(42)—1753.
Han var av ei gamall presteætt fraa Sogn. Ivar Johansson Falk var bonde i Norddalen paa Sunnmøre, Eirik Ivarsson, son hans, var borgar i Nidaros. Hans son heitte Ivar Eiriksson og var prest i Norddalen 1596—1610. Eirik Ivarsson Norddal var son hans. Han var prest i Leikanger og provast i Sogn, f. 1591, død 1658. Denne Eirik Ivarsson hadde tvo søner som var prestar. Den eine var Ivar Leganger, f. 1629, død 1702, som var prest i Vik og far til Eirik Leganger på Torvestad, den andre heitte Peder Leganger, f. 1638, d. 1706. Han var prest paa Haa og let etter seg 8 born. Ein av sønene hans var Eirik Pedersson Leganger som 1702 vart hjelpeprest (”huskapellan”) hjaa Henrik Olavsson Sylvius i Eikersund. Der vart han aaret etter gift med Anna Sylvia, dotter til soknepresten. I 1719 vart han sokneprests i Veøy og døydde der 21 juni 1740. Lars Leganger var son deira og var fødd i Eikersund 1710, døypt 1. mai.
Han var fyrst hjelpeprest i Veøy til dess far hans døydde. Daa for han Kjøbenhavn og søkte kall. Fekk so Lye-kallet 8. desember 1741, men kom ikkje til kallet fyrr 3. juli 1742, heldt liktale yver 6 lik dagen etter.
Han vart sett til varaprovast og gjorde nokre aar paa lag alt provast-arbeid, med di provast Lindal var gamall og skral. 1752 vart han røynleg sett til provast. Bøkerne er i hans tid førde so at ein ofta ikke finn det ein leitar etter. Han var tidt ute paa ferd, og det er halve og mest heile aar som ingenting er innsett i bøkerne. 5. jan. 1753 vart han sett til sokneprest i Aremark, og han kom til det nye kallet 13. juli s. a. I Aremark døydde han 5. april 1772. Han var g. m. Else Katrine Munch, dotter til presten Andreas Munch i Vaage og Else Katrine de Stockfleth. Ho var syster til presten Sigvard Munch paa Haa. Dei let etter seg 2 døtter: Anna Sylvia Leganger g. m. kjøpmann Thomas Stang i Fredrikshall, og Isabella Dorthea L. g. m. generalmajor Hans Hübner Holst.


Jens Bull

var prest paa Lye 1753—1800. Han var fødd 1718, døypt 17. februar i Tunsberg, der var far hans kjøpmann. Faderen var komen fra Danmark og heitte Jakob Bull. Moderi Marta Ørbech var av norsk ætt. Dei hev jamvel i seinare tid funne ut at ho var ætta fraa Halvdan Svarte. Jens Bull gjekk paa skule i Helsingør og vart student 1736.
Denne ”yngste av Jakobs 12 søner” vart 6. oktobert 1742 sett til hjelpeprest hjaa Gert Faye i Holt og vigd til prest i 1743. 23. februar 1753 vart han sokneprest paa Lye og var komen i kalle fyre 19. novbr. det same aaret. 2 aar seinare (16. sept. 1755) vart han gift med Akseliane Christine Smith (f. 20. sept. 1737), dotter til ein rik kjøpmann i Stavang. Dermed fekk kan til svoger Høylands-presten dr. Eiler Hagerup, som seinare vart bisp. I 1757 (daa Hagerup flutte fraa Høyland) vart han provast, som han var til 1771. Han hev alltid vore kalla ”provasten paa Lye”. Kona hans som er nemnd, døydde longe 23 nov. 1762 (grl. 30. november 1762 – i open gravstad i koret i Domkyrkja, 25 aar og nokre dagar gl.). Dei hadde havt minst 5 born, og av dem var det 3 døtter som voks upp: Johanne Margrete f. 21. juli 1756, d. 31. mars 1818, g. m. agent Gabriel Schanche Kielland, Marta Dorothea døypt 29. juli 1757, d. 17. februar 1827, g. m. krigskommisar Harn Sigvard Arentz, Maren Elisabeth døypt 11. september 1761, d. 28. januar 1801, g. m. presten Jens Zetlitz. Noko seinare vart Bull atter gift med Kirsten Stoltenberg, ei kjøpmannsdotter fraa Tunsberg. Med henne hadde han 4 born: Akseliane Kristine, konfirmera 1775, g. 7. desember 1789 Olav O. Eikeland. Dei budde paa Njaa. Vincents, f. 1767, konf. 1779, d. 11. desember 1785. Karen Pernille, f. 27 mars 1769, konf. 1779, g. 6. desember 1790 Per Torleivsson Tjensvoll. Dei budde paa Norheim. Jakob, f. 1771, d. 11. desember 1785. Bull hadde mykje sorg i huset. Verst var det visst daa dei tvo sønerne bleiv i Hinnalandstjørni 3. adventssundag 1785. Den andre kona døydde 1772. Men alt bar han med kristeleg tolmod.
Naar ein leitar etter noko som hev hendt i dei mange aari han var prest, so vert ein ikkje alltid glad med Bull. Kyrkjeboki hans er ei av dei verste bøker som ein kann faa tak i. Stygt skreiv han og so smaatt at det mest ikkje er lesande, og det verste er at mange av dei ting ein leitar etter, slett ikkje finst i boki. Han kjende alle folk i bygdi, og det leit han paa. Det ser ut som han hev vori i kyrkja, døypt born og gravfest lik o. s. b., men ingen ting skrive fyrr han kom heim. Daa skulde alt skrivast etter minne. So gløymde han mange ting, skreiv galne namn og bokførde mange ting soleis at ingen no finn meining i det. Men endaa hev her han havt ei magt i kyrkjelyden som ingen annan prest der i sokni. Difyr hev han vorte meir en ein vanleg preste. Naar folk i gamle dager vilde rosa ein prest, so kunde dei aldri gjera det betre en som so: ”Det var mest som du skulde høyrt gamle provasten paa Lye”. Hjaa honom søkte folk raad i alle sorger. Han visste raad fyr alt, og han hadde magt til alt. Var dei i vande fyr pengar, so kunde han laana deim, Hadde dei mist ein ting so fekk dei presten til aa ”syna att”. Dei trudde han hadde Svarteboki, og han hadde slik mannakjennskap at han mest alltid fikk den skulduge til å ganga ved det han hadde gjort. Ein dugande talar maa han ha vore. Baade bispar og andre let vel naar dei hadde høyrt honom.
Daa han vart gamall hadde han jamt hjelpeprest.
Job Dishington Vahl var det fyrst nokre aar. Han vart sidan sokneprest i Aamlid 1784—89, so i Bamle fraa 1789 til han døydde 6. februar 1816, 78 aar gamall.
Emanuel Lund fraa Farsund var der og nokre aar. Han vart sidan prest i Bakka. Der fekk han avskil 17. august 1830.
Jens Zetlitz var fødd i Stavang 26. jan. 1761. Student fraa kathedralskulen i Bergen 1780, utlærd presteemne med haud 1788, men med haud fyr prøvepreika. I studentaari var han nokre aar huslærar i Arendal. 1790 vart hjelpeprest hjaa Bull paa Lye og aaret etter gift med dotteri, som fyrr er fortalt. Han sa sjølv at dei aari han var paa Lye, var dei sælaste aari i hans liv. Han var vel lika. I bondevisorne sine ser me at han hadde lært mykje paa Jæren. Daa forliksgreiorne kom, var han den fyrste forliksdomaren i Gjesdal, Haug, Haugland og Klepp (4 skipreidor). Njel Ædland var daa 2dre fredsdomar.
Bull søkte avskil i 1800. Dei spurde Zetlitz um ikkje han ville søkja kallet. Men det vilde han ikkje. Far hadde skjemt folket ut, med di han aldri kravde inn det han skulde hava, so det vart for lite aa liva av. Zetlitz styrde kallet i naadensaaret. Seinare vart han preste i Vikedal.
Bull flutte til Norheim og livde dei siste aari i huset hjå dotter si. Han hadde fenge 100 rd. av kallet i pensjon og fekk bruka eit stykke i Lye-marki, Garpestad-slaatta dei kalla.
Han døydde på Norheim 2. oktober 1804. Jens Zetlitz skreiv eit varmt minne-kvæde yver den gjæve avlidne olding. Det stend i ”Den danske Tilskuer” 1805.
Skiftebrevet etter Bull var dagsett 4. oktober 1808. Buet var paa 1769 rd. 1 ort 19 sk.


Christopher Munthe Juel

var prest paa Lye 1801—1804.
Han var fødd paa Holsna kloster 25. september 1767. Foreldri hans var kammerraad Andreas Juel som var fut i Sunnhordland og Hardang, og Anne Christophersdtr. Munthe. Student 1783, presteprøva 1785, huslærar i Skaanevik 1787—89. I Kristiansand vart han vigd til prest i mars 1790 og var so hjelpeprest hjaa morbror sin paa Hjelmeland til han flutte hit.
31. oktbr. 1800 vart han sett til sokneprest i Lye, og han tok imot kallet i april 1801. Provast Brown sette han inn i kallet 17. mai 1801.
Han var halden for ein dugande mann. Den tid han var paa Hjelmeland vart han sett til aktor i provsteretts-saki mot Suldals-presten Erik Anker Bruun. Paa Lye fekk han skriva manntalet (folketeljingi) pr. 1. febr.. 1801, og det gjorde han baade vent og godt. Det er dagsett Lye prestegard 31. mars 1801. Bøkerne i kallet hev han ført betre en nokon annan prest millom Schanche og Hartmann. Han var bokførande forliksdomar so lengje han var paa Lye.
I Gjesdal vart det (1802) bygd ny kyrkja, og paa prestegarden bygde han nye hus. Ved husamot 21. novbr. 1799 var gamle Bull dømd til aa byggja nye hus, sidan dei gamle var reint falleferduge. Men Bull vart sameint med Juel om ein pengesum i staden. So laut Juel byggja, og sette til 400 rd. av eigne pengar paa det same.
I den siste tid var han sjukleg. Uppe under fjellet paa prestegarden er ein stad som enno heiter ”Julatono”. Der hev han veg gjenge i god livd og fenge frisk luft. Han var sjuk ½ aar og laag til sengs ein dag. 28. juni 1804 døydde han og vart gravlagd i Time.
Han var gift med systkinbarnet sitt Mette Andrea Kristine Munthe fraa Hjelmeland, døypt 11. febr. 1762. Dei budde saman 12 aar og hadde 10 born. Men 6 av borni døydde fyre foreldri.
Juel vart 1800 eigar av Holsna-godset, daa ein eldre bror døydde. Dette godset selde han 1803. Men den eldste sonen tok det att med odelsrett 7 aar seinare. Daa Juel hadde falle fraa, søkte enkja um aa faa att noko fyr alle dei utlogor som mannen hadde havt paa Lye.Ved reskript 5. oktbr. 1804 fekk ho lov paa alle innkomor av kalle til den dagen ettermannen vart tilsett, og sidan naadsensaar rekna fraa den same dagen, – ”langt naadsensaar”.
Men enkja livde ikkje fullt eit aar etter mannen. Ho fekk ”galoperande tæring” og døydde 17. april 1805. Ho vart gravlagd i Time ved sida av mannen. Palmesundag var provasten paa Lye og forsegla buet. 27. mai var det auksjon yver lausøyra. Skiftebrevet er dagsett 9, sept. 1806. Midelen var 5158 rd. 1 ort 5 skill.
Av borni kann me nemna:
1) Andreas f. 29. febr. 1792. Han var lytnant, men gjekk ut or heri i slutten av 1812. Han budde paa Holsna-godset til han døydde 31. jan. 1868. Gift med Anna Engelhart Smith (f. 1796, d. 1858). Stortingsmann Niels Juel var deira son.
2) Ingeborg Marie, f. 12. juli 1793, d. 27. decbr. 1841 paa Einstavoll i Valestrand. Gift med Ole Georg Olsen (f. 1786, d. 1868), presteson fraa Stord. Av borni deira var Erik Olsen prest, Andreas Juel Olsen skuleinspektør i Stavang, Anne Munthe Olsen g. m. seminarlærar A. V. Gjøstein.
3) Jens Munthe, f. 14. okt. 1795, d. 25. aug. 1842, var gullsmed i Kristiania.


Simon Balch

var prest her 1805—1810.
Han var fødd 1769. Foreldri var kjøpmann Niels Balch i Nidaros og Ingeborg Ferstad. Student 1787. Daa han hadde teke embættes-prøva var han huslærar paa Munkvoll hjaa oberst Krogh 2 ½ aar. 4. oktober 1793 vart han sokneprest til Værøy og Røst, 2. nov. 1804 til Lye. Fyrste preika heldt han her 20. okt. 1805. So heldt han 2 preikor til, og 10. nov. var provasten der og sette honom inn i kallet. Han maa ha vore ein godt upplærd mann, m.a. var han framifraa god til aa spela paa fela. Bispen Keyser rosa honom paa visitas 1807 for at han hadde lært skulehaldarane framifraa godt upp i song og i andre ting. Men han var mykje sjukeleg, so det var tidt messefall, helst i Gjesdal, dei aari. Han døydde 15. febr. 1810.
Gift 14. aug. 1795 med Sara Bing Dreyer. Daa ho vart enkja budde ho paa Nedre Time som var enkjesæte, og der døydde ho 18. febr. 1839 64 aar gl. Daa mannen hadde falle fraa søkte ho um aa faa langt naadsensaar, slik som fyremannen. Det fekk ho og brev paa 14. juli 1810.
Prestologen Bruenech fortel, at dei hadde 4 born. I Time hev me aldri høyt nemnt andre en den dotteri som vart gift med ettermannen.


Christopher Heyerdahl Storm

var prest paa Lye 1810—1817.
Han var fødd i Nesodden 1779, døypt 29. januar. Far hans heitte Axel Storm og var den tid hjelpeprest i Nesodden, men han var lite høveleg til prest, sagde folk, og vart sidan økonom ved hospitalet i Oslo. Moderi Anna Heyerdahl var lensmannsdotter fraa Høland (f. 1743, d. 1800).
Chr. H. Storm tok presteprøva i Kjøbenhavn 29. okt. 1801 med haud. 3. febr. 1801 vart han hjelpeprest i Skedsmo. Sidan, daa soknepresten døydde, kom han til Eidsvoll og var hjelpeprest til mai 1808. Daa vart han feltprest ved ”den Lowzowske brigade” til dess det vart fred med svensken. Etter den tid hadde han ingen ting aa gjera og laut til Kjøbenhavn og søkja kall. 20. mai 1810 vart han daa sett til prest paa Lye. 2. decbr. s. a. var provasten med Time kyrkja og sette honom inn i kallet.
Storm var bokførande forliksdomar so lenge han var paa Lye. Han skreiv ei rask og grei skrift og førde bøkerne godt. Han styrde valet i 1814 og skreiv adressa til Kristian Fredrik. Sidan styrde han tvo valmanns-val.
Han var ungkar daa han kom til kallet. 1. juni 1814 vart han gift med Karen Bing Balch, f. 1796, dotter etter fyremannen. Provasten K. Wessel Brown brudvigde deim heime i huset etter løyvebrev fraa Kristian Fredrik 27. mai 1814 – Storm døydde paa Lye 2. mai 1817. Paa kyrkjegarden nordanfyr kyrkja, litt lenger vest en dei prestegraverne som no er, stod ein gravstokk (av malm?) yver baade honom og Balch. Kvar den no er vorten av, veit eg ikkje. Eg hev ikkje set han etter kyrkja brann 1858. Truleg hev han vorte øyvd i branden eller sidan daa dei bygde den nye kyrkja.
Storm og kona hadde visst tvo born, men berre ei dotter voks upp: Sara Margrete Bing Storm, f. 11. okt. 1816[4]. Ho vart 11. nov. 1840 g. m. presten Hans Jensen Blom. ”Madam Storm” hadde til den tid butt paa Nedre Time, den meste tid saman med mor si, ”madamene paa Nedra Time”. Sidan var ho hjaa Blom, døydde paa Florøy prestegard i Kinn 6. nov. 1861.


Ole Bech Moss
1817—1821
Han var fødd 26. aug. 1769 og var son til klokkar Nikolai Moss. Han gjekk paa skule i Kristiania og vart student 1791, tok presteprøva 16. jan 1795 med haud, men med laud fyr demispreika. 1796 vart han hjelpeprest (capellan pro loco) i Hof i Saaler, vigsla til prest 20. juli 1796. 6. april 1798 vart han sett til hjelpeprest i Land. Der var det ein sjukeleg sokneprest, so Moss vart mest aaleine prest i eit kall med 6 kyrkjor og ei vidd paa 40 rute-mil. Daa soknepresten døydde for Moss til Kjøbenhavn. Der laag han halvtanna aar og søkte um kall fyrr han fekk noko. 12. juli 1805 vart han andreprest i Fron, 6. april 1812 sokneprest i Aamli, og 1. sept. 1817 i Lye. Her vart han verande 4 aar. 23. aug. 1821[5] vart han sokneprest i Sund og 9. mai 1825 provast i Nordhordland, 27. juli 1826 sokneprest i Skedsmo. Der var han 11 aar, vart gamall og skral, so han laut taka avskil 23. dec. 1835, — han fekk 300 spd. i pensjon. Sidan budde han i Nannestad. Der døydde han 9. nov. 1839.
Gift med Kirsten Ørbeck Paus, f. 19. juni 1769, d. paa Lye 3. juni 1821, dotter til skrivar Hans Paus i Finnmarki og Anne Kristine Greve. Av borni deira var 2 søner prestar: Hans Moss, andreprest i Ramnes til 1871, d. 10. aug. 1883. Just Moss flutte tidt liksom faderen, d. 1852, same aaret som han hadde vorte prest i Tingvoll.
Gamle folk nemde Moss som ein framifraa dugande talar. Det som han hev skrive i kyrkjeboki (t. d. um konfirmantarne) er mest alltid som eit slag midt paa hovudet aat spikaren. Skrifti hans var ikkje til aa skrøyta av, men innhaldet var klassisk.


Johan Marius Hartmann

Han var fødd i Fron i Gudbrandsdalen 16. april 1789. Far hans heitte Hans Hartmann. Han var fødd i Danmark og var ei tid prokurator i Fron, men vart seinare fut paa Jæren (1820—31) og døydde i Sokendal 16. febr. 1833. Moderi Anna Bøchmann (f. i Sandefjord 6. okt. 1749, d. i Fron 12. febr. 1797).
Hartmann gjekk paa skule i Kristiania og kom til Kjøbenhavn 1810, vart student 1811. Det gjekk traat med studeringi. Liti raad, sjukdom, pengar som hadde lite verd, skilsmaal millom Danmark og Norig, gjorde alt sitt, og i 1815 laut han attende til Norig utan presteprøva. So vart han huslærar hjaa Jakob Aall paa Nes. Men presteprøva kunde han ikkje greida med berre lesing, for alt det han hadde lært i Kjøbenhavn, vart til lite gagn naar han skulde taka prøva ved det nye universitetet i Norig. Daa kom han seg til Kristiania og las presteprøva yver eit aar (1818—19), tok so presteprøva med laud. Sidan kom han attende til Nes. I 1820 fekk han taka praktisk prøva hjaa bispen i Kristiansand, og var daa full-ferdugt presteemne med laud til alle prøvor.
8. sept. 1821 vart han sett til sokneprest i Lyekallet. Daa for han fraa Nes vart vigd til prest i Kristiansand 16. aug. 1822 og kom til Lye 27. aug. 1. sept. s. a. heldt han fyrste preika i Time kyrkja, og provast Brown sette honom inn i kallet.
Hartmann var ein prest av eit heilt anna slag en folk daa lengje hadde vore vane med. Han vart tilvens med den gamle venerne av Hans Nilsson Hauge. Naar folk sidan rødde um prestarne, sa dei gjerna at Moss var stortalaren, men Hartmann var den som var retteleg prest. Han var ein dugande skulemann og hjelpte sume unge lærenæme folk godt paa veg. M. a. var det mykje tale um at han var den som lærde Ingebret Mossige upp, so han vart den glupe karen som bygdi sidan var so byrg av.
Prestebøkerne er i hans tid førde so fint og godt, at det ikkje tidt hev vore maken i gjeldet.
11. jan. 1826 vart han sett til sokneprest i Sokendal. Han heldt auksjon paa Lye 22. juni s. a. og flutte fraa kallet midt paa sumaren. I Sokendak vart han verande 16 aar. 1. mars 1842 vart han flutt til Ullensaker. Der var han til 1867. Daa fekk han avskil 6. april, og døydde 22. nov. 1867 fyrr naadsensaaret var utlide.
Hartmann vart gift 30. aug. 1823 med Johanne Edvardine Kristien Fougner, fødd i Gudbrandsdalen 1. aug. 1797. Men foreldri var avlidne og ho var i huset hjaa postmeister Lahn i Kristiansand. Ho døydde i Ullensaker 28. jan. 1873.
Dei hadde 7 born. 2 søner var prestar: Gustav Adolf Emil, prest i Sigdal. Simon Fougner, hjelpeprest i Tunsberg, d. 19. jan. 1871. Ei dotter Johanne Marie Edvardine var g. m. John Collet Müller sm hev vore prest i Øystre Aker.
(Sjaa mitt stykke um Lye-prestane i «Stav. Aftenblad»).

Jakob von der Lippe Parelius Frost

Han var fødd 6. juli 1798 i Støren. Far hans heitte Jonas Frost, han var den tid andreprest i Støren, men vart seinare sokneprest i Orkedalen (d. 31. mai 1848). Moderi heitte Dorthea von der Lippe Parelius. — Han gjekk paa skule i Nidaros, men ein mann utanfyr skulen sende honom til høgskulen. Han vart student med haud, tok andre prøva 1825 med non og presteprøva 1825 med vix haud, praktisk prøva i februar 1826 med haud.
10. juni 1826 vart han prest paa Lye. 21. jan. 1836 vart han sett til sokneprest i Grong, men 5. mai s. a. fekk han lov til aa verta der han var.
1847 vart han prest i Ganvin og flutte fraa Lye um vaaren 1848. I Granvin (eller Ulvik) var han 17 aar. Døydde 19. april 1865.
Gift 1826 med Cathrine Gustava Petré fraa Sverig, «ei slegfri dotter» som dei hermer etter henne. Ho var fosterdotter til futen Jakob Johan Bendtz i Orkedalen og var fødd 4. mars 1804, døydde i Ulvik 30. aug. 1874.
Dei hadde vore gift med 2 aar fyrr dei fekk barn. So fekk dei ei dotter. Daa ho var imot 5 aar gamall fann ho ein dag eit stykke rottekrut. Ho trudde det var sukker, aat det og dlydde. Ei malmhella attunder nordre kyrkjeveggen fortel enno kvar gravi er. Ho hette Dorthea v. d. Lippe Frost og var fødd 23. mai 1828, d. 26 febr. 1833. Sida hadde dei 8 born: 2) Dorthea von der Lippe, f. 23 mars 1834, g. (1857) m. Rasmus Dahl, student og bokprentar i Bergen. 3) Cathrine Margrethe, f. 12. decbr. 1836, d. 21. sept. 1853. 4) Johanne f. 20 jan. 1838, d. 7. mai 1841. 5) Lovise Gustava f. 7. juni 1840. 6) Jonas f. 14. jan. 1842, utskiftingsformann i Nordland, seinare i Buskerud. 7) Jakob von der Lippe f. 15. nov 1843, d. 18 vikor gamall. 8) Johanne Fredrikke f. 19. febr. 1845, g. (1875) m. lytnant Johan Iversen. 9) Jakob von der Lippe Parelius f. 19. mai 1846, prest.
Alle borni var fødde paa Lye.
Dei hev havt mangt aa segja um Frost, og det meste tyder paa at han hev vore ein vensæl mann som elles ikkje sette store merke etter seg i bygdi. Sumt tyder paa at folk ikkje hadde stor tiltru til honom. Men segner skal ein ikkje alltid lita paa.
I hans tid bygde dei ny kyrkja i Time (1829) og seinare i Gjesdal (1848) I 1837 vart fyrste gong valt heradsstyre i baae sokner. Gjesdal hev alltid vore einskild herad. Presten var aldri med i heradsstyre. Derimot var han 6 aar forliksdomar (1836—42). Heile gjeldet valde forliksdomar i den tid, og Frost fekk som tidast del fleste røyster fraa Gjesdal. Han var paa ein maate hæv til aa føra bok, skreiv baade for og fint og kunde setja alt i stil. Men kyrkjeboki hans er lite aa lita paa. Han var glymsken og slarven. Mange folk i gjeldet fekk sidan eit uventa stræv naar dei skulde «sleppa fra». Dei laut daa prova at dei var døypte. I kyrkjeboki stod dei ikkje.

Ditlev Bernhardus Gadebusch Gunnerus
1848—1872
Fødd på Vardøhus 14. mars 1806. Gjekk paa skule i Fredrikshall og vart student 1826. Presteemne 1829. 1830 hjelpeprest i Ringsaker, og styrde dette kallet 2 aar etter soknepresten hadde falle fraa. Sidan 2 aar hjelpeprest i Vang, 28. mars 1838 andreprest i Vaage i Gudbrandsdalen. 7. aug. 1847 sokneprest i Lye, kom i kallet paa fyresumaren 1848. Han var ein stram og lite laga til talar, men ein framifrå god og paalitelig kontormann. Uvanleg sterk helsa til han laut bøygja seg fyr alderen og taka avskil 1872. Døydde paa Lye 19. nov. s. a.
Gift 27. sept. 1832 med Oline Vilhelmine Arøe fraa Ringsaker, d. i Hamar 2. april 1885 74 ½ aar gl. 8 born. Ein son Ole Andreas Arøe, f. 1849, var distirktschef ved jarnvegen paa Jæren, d. 13. juni 1913. Ei dotter Bernhardine Vilhelmine, f. 1842 var g. m. klokkaren Velle Vellesen og døydde i Vestre Moland. Ein son Hans Andreas, f. 1836, var student, men miste vitet og døydde paa eit galehus i Bergen.
I hans tid brann kyrkja paa Time. Det var den 7. ktober 1858 at tora slo ned og kveikte eld i kyrkjetaarnet. Dei fekk berga altartavla og stoldørene og elles det meste som laust var. Alt anna gjekk upp. Ny kyrkja bart bygd 1859, innvigd 2. nov. s. a. Bispen var daa paa Stortinget, og i staden hans var det provasten N. C. Bøchmann som vigde ho. Alle prestane paa Jæren var med, dertil ein prest fraa byen og ein fraa Hetland. Kyrkja vart bordkledd aaret etter.
1860 kom ny skulelog. Det laga seg so at Time sokn fekk ny klokkar i 1861. Velle Vellesen fra Veen i Bjerkreim. Han hadde gjenge ut fraa seminarskulen paa Holt aaret fyrr og var ein eldhuga skuleven og i mange maatar ein framifraa skulemann. Stifsdireksjonen sette honom til aa læra upp skulemeistrar. Det gjorde so mykje at Time sokn fyrr dei fleste andre sokner fekk lærarar som var betre upplærde en skulemeistrane hadde vore fyrr, og dette hjelpte til at det i dei fylgande aari gjekk ut mange unge folk fraa sokni som hev vorte kjende fyr dugande folk i dei ymise høve som dei vart sette.


Jørgen Julius Schydz
, 1873—1878
Fødd i Kristiania 10. aug. 1828, men uppfødd i Bergen hjaa farbroren stiftamtmann Jens Schydz. Student 1847, prestemne 1854. Lærar i Bergen til han 11. april 1863 vart sokneprest i Aardal i Sogn 29. okt 1872 sokneprest i Lye, og kom i kallet um sumaren 1873. 21. sept. 1874 provast paa Jæren. 4. mai 1878 sokneprest i Urskog og 17. okt. 1884 provast i Nedre Romerike. Avskil 6. decbr. 1905 fraa nyaar 1906. Døydde 27. nov 1908.
Gift 6. aug. 1863 med Jakoba Johanna Kooter, f. 19. juni 1843, kjøpmanns-dotter fraa Bergen. 5 born.
Sjaa Lampe Presteskapet i Bergen st. II 29 o. f., jfr. I 138.


Peter Johan Normann Meyer

sokneprest paa Finnøy, vart 2. sept 1878 sett til prest her, men fekk 12. okt. s. a. lov til aa vera der han var. Han vart seinare prest fyrst i Løyten, sidan i Grønland, Kr.a.


Anton Christain Meyer
1878—1888
Fødd 8. mai 1842 i Bergen. Var fyrst sjømann, men tok sidan til aa studera, og vart presteemne 1868 (med haud til alle prøvor). 1869 haud til alle prøvor. 1858 sjømannsprest i Antwerpen, 25 okt. 1873 sokneprest i Sirdalen (fraa 1. okt), 23. decbr. 1878 til Lye. Hit kom han i 1879. 12. jan 1883 provast yver Jæren, 29. decbr. 1888 andreprest til Domkyrkja i Stavang. 30 april 1898 sokneprest til Krosskyrkja i Bergen.
G. m. Gertrud Marie Reimers, kjøpmanns-dotter fraa Bergen, f. 25. aug. 1843.

Jakob von der Lippe Parelius Frost
1889—1900
Fødd paa Lye 19. mai 1846. Student 1866 med non, 2dre prøva aaret etter med haud, presteprøva 1873, ogso med haud. Praktisk prøva 1874. Prest i Iowa fraa 1874 til 1882, 26. juli 1883 sokneprest i Bygland, 26. okt. 1889 paa Lye, tok imot kalle palmesundag 1890, 25. mars 1900 andreprest i Norderhov, 21 sept. 1905 sokneprest i Andebu.
Gift 8. sept. 1876 med Johanna Lucia Cold Schmidt, f. 15. juni 1848, dotter til landhandlar paa Moldøy i Selje Ole Schmidt og Tora Andrea Frimann.
I hans tid vart husi på prestegarden nedrivne og nye hus uppbygde med laan på embættet. Han heldt avskilspreika i Gjesdal 15. juli 1900 og i Time sundagen etter (22. juli).
Stiftskapellan Kofod styrde kallet fraa 25. juli 1900 til ettermannen kom.


Theodor Borchgrevink

Fødd 28 januar 1858, me trudde i Aurland i Sogn, men sjølv fortel han at fødestaden er prestegarden Jaaset i Aasnes. Foreldri var sokneprest og provast Henrik Christian Borchgrevink og Mette Margrete Døderlein. (Faderen var sokneprest i Aurland, men flutte 1858 til Aasne, 1863 til Nes paa Heidemark og dødde 11. februar 1891. Baade i Sogn og paa Heidemark var han provast.
Theodor Borchgrevink vart student med non 1875, tok andre prøva aaret etter med laud og presteprøva 1881 med haud, men praktisk prøva aaret deretter med laud.
9. mars 1883 vart han hjelpeprest hjaa fra sin i Nes. Men han var sjukleg, so han laut søkja avskil med ventepengar 1886. 22. februar 1890 vart han atter hjelpeprest og var det til far hans døydde. Sidan styrde han kallet i naadsens-aaret og vart 9. april 1892 hjelpeprest i Romedal. 25. august 1900 vart han sett til sokneprest paa Lye. Han heldt fyrste preika i Time 14. okt. 1900. Daa set provast Ottesen han inn i kallet. I Gjesdal sette han seg inn sjølv sundagen etter. Han var paa Lye 7 ½ aar. Det var ei strævsam tid, segjer han, full av arbeid, men også rik paa arbeidsgleda. Faa prestar her hev fenge so mykje samkjensla som han.
25. febr. 1908 vart han andreprest i Hetland. Der fekk han att sjukdomen, laut av og søkja lækjeraad, og døydde longe 10. januar 1909. Vart gravlagd paa Nes.
Gift med Signe Jansen, f. i Larvik 27. april 1868, dotter av skipper Andreas Jansen i Langestrand ved Larvik. Dei hadde ein einaste son, Henrik Christian, f. i Romedal 19. oktober 1892.
Fraa april til oktober 1908 var presten J. A. Aasheim her og styrde kallet. Han vart seinare sokneprest i Surendalen.


Realf Ottesen

Fødd 9. jan. 1860 i Sande paa Vestfold. Far hans, Otto Christian Mathæus Ottesen, var den tid hjelpeprest i Sande, men vart seinare sokneprest i Bakklandet i Trondheim. Moderi Christiane Mathæa Thinn.
Han gjekk paa middelskule i Nidaros, men paa latingymnasiet ved kathedralskulen i Kristiania, og vart student med laud 1878, tok 2dre prøva 1879 med laud og presteprøva 1886 med haud, praktisk prøva i august 1887.
Straks etter embættes-prøva vart han vikar ved lærarskulen i Hamar. I 1888 vart han vigd til prest og skulde vera til hjelp fyr provast Christie i Vikøyr, og 10. februar 1894 vart han sett til hjelpeprest der. Men han var hjelpeprest var han att-aat (1897—1907) lærar ved den kristelege ungdoms-skulen paa Framnes.
8. sept. 1908 vart han sett til sokneprest paa Lye, tok imot kallet 27. okt. s. a. og vart innsett 1. november.
I hans tid vart tilskipa kallskapellan med bustad i Gjesdal. Denne kapellanen vart tilsett fraa nyaaret 1910.
12. febr. 1917 vart Ottesen sett til sokneprest i Sandnes. Dette var fraa nyaar det aaret utskilt fraa Høyland stil eit sers soknekall. Han for fraa Lye 4. mai s. a. 1917 vart han sett til sokneprest i Vikøyr.
Gift 3. januar 1900 med Kari Sjursdotter Mo, f. 11. august 1877. Ho er gardmanns-dotter fraa Vikøyr. 4 born.
Fraa 4. mai til den nye soknepresten kom var det kallskapellanen Jon Hesla som styrde med kallet.


Johannes Helle

Han er fødd 27. oktober 1873 i Spinn, Herod. Foreldri: skipper Sakarias Hansen og Marie Pedersdotter Helle. Han gjekk paa latinskule i Stavang og vart student med laud 1894, tok andre prøva aaret etter ogso med laud, presteprøva 1900 med haud.
11. april 1901 vart han hjelpeprest paa Bakklandet i Nidaros. Der var han m. a. formann i styret fyr barneheimen Fridheim. 1903—1909 sjømannsprest i Pensakola og Mobile. 9. april 1909 vart han sokneprest i Sirdalen og 3. juli 1914 i Lye. Dette kallet tok han imot 12. oktober s. a.
Gift 2 gonger: 1. i Lyngdalskyrkja 24 juli 1902 med Karoline Konsmo, fødd 4. aug. 1877, d. 10. septbr. 1911 i Kristiania, dotter av lensmann Lars O. Konsmo i Lyngdal og Guri Olavsdotter. 2. i Kvaas kyrkja 2. aug. 1914 med Johanna Konsmo, fødd 27. juni 1885, syster til den fyrste kona.

* * *

Kalls-kapellanar


Anton Thoralf Thurn Basberg

Fødd i Kristiania 1. mars 1877. Foreldri: Handelsborgar Rudolf Marius Basberg og Birgitte Nielsen. 1896 vart han student med ”meget godt” fran kathedralskulen i Kristiania og tok presteprøva 1905 med haud.
12. aug. 1905 vart han hjelpeprest i Stange og 10. sept. 1909 kallskapellan i Lye. 28. januar 1911 sokneprest i Hitra i Nidaros bispedøme. Ugift.


John Hesla

Fødd 23. januar 1884 i Gol i Hallingdalen. Foreldri: gardbrukar Asle Knutsson Hesla og Kari Knutsdotter. I 1903 vart han student (”sproglig historisk linje med latin”) med karakter ”tilfredstillende”. Prestemne 1908 med karakter haud.
25. juni 1909 vart han hjelpeprest i Søre Land og 9. mars 1912 kallskapellan i Lye. Avskil 12. juni 1914 – skulde taka paa med ”praktisk virksomhet”,
Gift 1912 med Gyda Olivia Askvik, f. 30. oktbr. 1888, dotter av gbr. og trelasthandlar Ole A. og kona Karoline i Søre Land.

Tobias Bernhard Ekeland

Fødd 15. august 1891 i Spinn i Lyngdal. Foreldri var landhandlar og gardbrukar Torstein Tobiasson Eikeland og Anna Elisabet Gabrielsdotter. Han gjekk paa skule paa ”Hauges Minde” i Kristiania og vart student med ”tilfredstillende” 1910, tok andre prøva 1912 med reint ”præ”, og presteprøva 1915 med laud, praktisk prøva seinare paa aaret ogso med laud, 23. decbr. 1915 vart han sett til kallskapellan i Lye.
Gift 17. decbr. 1915 i Vestby kyrkja med Karen Vellie Jensen, f. 25 august 1893, dotter av sagbrukseigar Wilhelm Jensen i Lyngdal og kona Klara, f. Langeland.

* * *

”Ufødte øine skal hans gravhøi væde”.
Soleis song Jens Zetlitz daa dei gravlagde gamle Jens Bull. Det er ei skam fyr mange at dette aldri hev vorte gjort. Men dei ”ufødde” augo kann orsaka seg med det, at dei ikkje veit kvar gravhaugen er. Det er nok ikkje visst um alle fødde augo visste det i mange aar, for i Time hev dei ikkje tenkt mykje paa gravhaugarne. Det er ikkje faa prestar og prestkonor som i aari frametter hev lagt seg til kvila i sokni. Men det er skamleg faa me veit kvilestanden aat.
I lange tider hev folk ikkje visst namna deira, dess meir. Det vilde vera rettast at me tenkte litt paa dei som hev vore fyre oss, og gjerna kalka gravi deira. Bygdehovdingar som hev havt mykje aa segja den tid dei livde, og teke mangt eit tak fyr framgong i bygdi, er det samleis med. Desse bladi skulde no vera ei liti hjelp, so me kann minnast nokre av dei avlidne, og paa same tid koma i hug dei prestaren som enno liver.

[1] Arkivar Finne Grønn fortel (i Familien Sundt) at ho vart gravlagd ved Time kyrkja 21. febr. 1666.
[2] Johan Petersson Friis var gift 2 gonger. Med den her nemnde 1ste kona hadde han sonen Botte, dertil ein son Henning Friis i Holland, og ei dotter Anniken Friis, g. m. bispesonen Jakob Wegner paa Ims, mange aar lensmann i Høle. Med 2dre kona Maren Jørgensdotter hadde J. P. Friis ein einaste son, Jørgen Friis, som var prest i Suldal.
[3] Skal visst vera systerdotter, den same Svanke Marit Wegner som vert nemnd nedanfyr.
[4] Døydde i Kristiania 3. juni 1891.
[5] Alt dette hev han skrive i ei altarbok som enno ligg i Gjesdal-kyrkja. Men dagatali hans er ikkje alltid beine. Her er dei retta etter innleggi i søknaderne um kall.

Legg igjen en kommentar